BØKER


 

Eikesdalen – det finst berre ein

Boka om Eikesdalen

I boka «Eikesdalen – det finst berre ein» finst forteljingane om naturen som grunnlag for kultur, om menneska i samspel med naturen, om dei små detaljane, om dei vare og vakre augneblinkane, om dei store samanhengane og om dei lange linjene. Eikesdalen er rekna som eit særeige, grøderikt og eksklusivt naturgjeve spisskammers med uvanleg godt klima, og er truleg eit av dei områda i landet som mennesket kom tidlegast til.

I vår næraste forhistorie gjekk folket her saman med naturvernarar for å forsvare naturresursane i dalen sin, i det som vart til Mardølaaksjonen i 1970 . Dei var med dette med på å endre kursen på etterkrigstidas ustoppelege kraftutbyggingspolitikk. Artiklane i boka er skrivne av natur- og kulturvitarar, biologar og arkeologar og ein villreinforskar, som alle har det til felles at dei elskar Eikesdalen. For det finst verkeleg berre ein.

Boka kan kjøpast HER!

 

Another time

Bok_Anothertime

Katalog til utendørsutstillingen «Another Time Mardalsfossen» (billedhugger Antony Gormley, kurator Be Andr)

Boka kan kjøpast HER!